fredag 19. oktober 2012

Oppdrag Mottro av Linda Eide

"Meg:  Fanst det ekstemsport då du vaks opp?
Mottro:  Eg trur du er heit sprø.  Eg er jo heit uekstrem
Meg:  Kunne du aldri ha hoppa i fallskjerm?
Mottro:  Nei,nei.  Eg har nok med at eg skal opp i fly om eg ikkje skal hoppa ut av det også.
Meg: Følgjer deg der.
Mottro:  Og så er det jo heilt unødvendig.  Ta fly må ein jo av og til gjera for å komma seg til plass til plass, men ut i fallskjerm treng du jo ikkje.  Så lenge du ikkje er fallskjermjeger, i alle fall.
Meg:  Ikkje om du fekk ein million?
Mottro: Kva i all verda skal eg med ein million?
Meg: Men du likar jo pengar?
Mottro:  Ja då, men eg treng no ikkje så mykje."

Når Linda lurer på korleis små og store ting heng saman, ringjer ho Mottro (Kjært barn har mange namn heiter det, og det gjeld også for Mor: Mamma, Mamsen, Mormi og Muttern'n bl.a. På vossadialekt heiter det Mottro).  I boka er ein del av desse samtalane gjengjevne, saman med fotografi frå gamle dagar (som strekkjer seg bakover til ca 1940), eit kart over Bjørgum (ei bygd i Voss kommune), eit verdskart (for Mottro har vore til sjøs i sine unge dagar), samt ei ordliste over vossauttrykk (les den gjerne først, for det er, om ikkje ilt, så iallefall bale, når du ikkje forstår kva skrei er).

På ein original måte lagar Lina Eide eit portrett av mor si, på ein fin måte får ho fram det spesielle i ei tilsynelatande alminneleg kvinne. Og mellom linjene kan ein lesa om eit mor-dotter fullt av varme og humor, - og små ironiske skråblikk.  Les eit par kapittel kvar dag og du kan sjå fram til ein liten lesefest i mange dagar.  Sjå heller ikkje bort frå at du vert rørt


Finn boka i Stavanger, GjesdalJærbiblioteka


Eli, Sølvberget

Ingen kommentarer: