torsdag 10. november 2011

Ta vare på mamma - Shin Kyung-Sook


"Ta vare på mamma" er ei vakker bok, det er ei sanseleg bok - men også ei sår og urovekkjande bok. Etter at ho kom ut i Sør-Korea i 2008, er ho lesen av 1.5 millionar i heimlandet. Boka er selt til 23 land og har blitt ein internasjonal suksess.

Handlinga er lagt til Sør-Korea i nåtid, men med tilbakeblikk til 1950-talet og etterverknadene av Korea-krigen. Me får innblikk i den sør-koreanske kulturen og naturen gjennom alle dei kvardagslege gjeremåla, som dyrking og matlaging og skildring av planter og dyr. Dette gjer boka sanseleg. Ein kjenner nesten duftene av både mat og natur. Men også sår og foruroligande, for temaet er universelt: Tek me kvarandre for gitt? Og når vert me usynlege for kvarandre?

På tur til Seoul for å feira faren sin geburtsdag, klarer ikkje mamma å koma seg på metroen før dørene smell igjen. For seint oppdagar mannen hennar dette. Ein storstilt leiteaksjon vert sett i gang, men mamma er og vert borte.

Når mamma forsvinn, går denne smertelege erkjenninga opp for resten av familien: Dei har vore heilt avhengige av henne. Men dei kjenner ikkje mor si. Dei veit ingenting om draumane hennar, eller om alle dei kvardagslege sutene hennar. Dei har ikkje tenkt på at ho også er kvinne. At ho ein gong har vore lita jente. Og kor henta ho kreftene ifrå, ho som alltid stilte opp for dei? Mens dei på si side som regel møtte henne med irritasjon over det dei oppfatta som mas og forstyrringar i eigen travle kvardag.

Dette er eit kvinneportrett av den usentimentale sorten. Mamma vert ikkje framstilt som offer. Likevel er det nettopp det ho er. Ho har ofra heile seg for at andre skulle ha det bra. Ei haldning som ikkje er gjengs mynt i tida, kor alle skal vera eigen lykkes smed. Men for dei som har krig og svolt nedfelt i ryggmergen, vil slik ofring nok vera gjenkjenneleg. Me treng ikkje gå så langt heller for å møta på dei, unge som gamle. Eg må innrømma at eg måtte ty til lommetørkleet eit par gonger. Mest fordi eg trur på karakterane i boka. Og fordi eg veit kor lett det er å sjå forbi.

Kan anbefalast. Men boka kjem med ei lita åtvaring: det kan gjera vondt.

Aud - Time bibliotek

Finn boka hos Stavanger bibliotek, Jærbiblioteka (Klepp, Sola og Time), Hå folkebibliotek og Randaberg folkebibliotek.

2 kommentarer:

Rutt Kine sa...

Hei! Dette var en spennende blogg jeg skal følge med på. Gleder meg til masse gode boktips! Hilsen fra Rutt Kine :)

Bibliotekarene anbefaler sa...

Så hyggelig at du synes det! Kommenter gjerne med egne meninger om bøkene også, hvis du har lest dem.