søndag 6. november 2011

Vi som aldri sa hore - Ronnie Sandahl


Denne boka gjev eit usminka bilete av eit skandinavisk småbymiljø. Ein kan seia at det minner litt om "Ungdommens råskap". Ungdom er ein forvirrande tilstand, der venskap og uvenskap, kjærleik og svik går hand i hand.

Ungdomsgjengen i Falköping treffast igjen etter nokre år, og oppdagar at sjølv om mykje er forandra så er i grunnen alt likt dei imellom. På godt, men særleg på vondt. Boka er ein skikkeleg vekkjar for alle som er nostalgiske om sin eigen ungdom. Ein får rett og slett ugne kjensler når ein byrjar å tenkje tilbake på eigen ungdom og kva ein har fortrengt av det som faktisk ikkje var bra!

Ronnie Sandahl (f. 1984) vekte stor merksemd med denne romanen i Sverige på grunn av skildringane av den nye mannsrolla. Ingelin Røssland har gjort ei god omsetjing til norsk.

Vidar, Time bibliotek

Boka finst hjå Stavanger bibliotek og Jærbiblioteka (Klepp, Sola og Time).

Ingen kommentarer: