tirsdag 17. september 2013

Vi dyra av Justin Torres

"Tre brødre river seg vei gjennom barndommen" - det er den beste innleiinga på en baksidetekst eg nokon gong har lese.  Eg kom nokså tilfeldig over denne boka i sommarferien, og det var jammen eit lykketreff.  Berre 120 sider, men det var leseglede på kvar side.  Ikkje så at det var ei forteljing om berre lykke og glede, for her er det mange tøffe tak som vert skildra.

Romanen handlar om tre brør veks opp med mor og far som var altfor unge då dei dei vart fødde.  Me får eit innblikk i barndommen deira, gjennom små episodar som fortel om ein kjærleg, men på mange måtar ustabil far.  Mora er viljesterk og hardt arbeidande, men maktar ikkje alltid å setja grenser for dei tre gutane.  Likevel opplever dei mykje glede i barndommen, men ungdomstida blir tøff for dei.

Han var både vakker og brutal på ein gong denne romanen, men kjem det meir får denne forfattaren, så stiller eg meg først i køen!



Eli, Sølvberget


Lån boka i Stavanger, Gjesdal, , Jærbiblioteka, Kvitsøy og Randaberg



Ingen kommentarer: